Dokumentarfilmskaper / naturdesign 

Øyfolket

Filmen fortel om forfattaren Inga Næss frå Trondheim og hennar gode ven, Stein Are Ludvigsen, og om deira arbeid med å ta vare på øykulturen på Vega-øyane. Filmen er ei reise ut i øyriket til venene deira som driv vidare gamle øytradisjonar, til Hysværet der Inga held kurs om ærfuglen saman med Øystein Ludvigsen og Snefrid Jakobsen, og til det gamle dunværet Muddvær der Erna Nilsen og Jon Robert Karlsen kvar sommar vernar om ærfuglen. Så går reisa med kyr på flåte ut til beitelandet på øyane, og til kystgarden på Store Emårsøy som Turid Ness og Gisle Ebbesen har sett i stand. Reisa går attende til Hysværet til Helgelands mest spesielle vertshus, bygd av rekved, og til fiske, arbeid i slåtten og i sauesankinga. På Næss på Vega, stengjer Inga og Stein Are krambua for vinteren, og trekkfuglen Inga gjer seg klar til å dra sørover att til bylivet.

Plakat-film-1