Dokumentarfilmskaper / naturdesign 

Fjordens liv

fjordensliv_plakata3_skjerm_2012_06_15

Filmen er ei reise ned i Hardangerfjorden, ned til ei verd me har visst lite om, til ei verd full av liv. Rett under der me sit og fiskar bur underlege, vakre og fargerike skapningar me ikkje før har sett.
Fjordens liv fortel om landskapet under vatn, og om kva sola, havstraumar og fjellvatn har å sei for livet i fjorden. Du møter artar som kamuflerer seg, artar som samarbeider, og artar som langt ned i mørke fjorden kommuniserer med lys og lyd. Du møter koralldyr og livet på korallreva, og får vita kvifor fjorden blir grøn. Filmen byggjer på foto og filmopptak ned til 450 meters djupn gjort under Havforskingsinstituttet sitt prosjekt Epigraph Hardangerfjorden.
Film: Pål Buhl-Mortensen
Foto og film: Erling Svensen, Rudolf Svensen, Helen Petersen
Arkivfoto og film: Erling Svensen, Rudolf Svensen, Helge Haukeland, Florian Graner, Jan Rabben, Helen Petersen, Mikal Heldal, Randi Storaas, Per R. Flood © Bathybiologica.no
Produksjonen er finansiert av: Noregs forskingsråd, Hordaland fylkeskommune, Direktoratet for naturforvalting, Fiskeridirektoratet, Folgefonna Nasjonalparksenter
Idé: Øystein Skaala, prosjektleiar Epigraph Hardangerfjorden
Produksjon: Havforskingsinstituttet
Manus og regi: Randi Storaas
Foto, film og lydopptak: Helge Haukeland
Musikk og lyddesign: Knut Halmrast
Lengd: 21 minutt
Produksjons år: 2012